Gangandi Lyrics

Ifrå heimen han sette i gamal tid Mot frådande bylgjer i nord Med augo og hjarta etne av strid Med von om ei grøderik jord I løynda han sigla, med volve-brud I nordluten skulle han ferda Ei skinande viv i måne-skrud So skulle ljoset nå verda Det gnog i mast, det knaka i skott På reisa over land og flod Dei knela djupt, både trælar og drott Då ferdafolk i tunet stod I myrket, sine trådar volva spann Dei reiste hallar og hov Med blod og tårer til sola rann Leidangen hevda hans lov Ei skinande viv i måne-skrud So skulle ljoset nå verda Sæmingen stupte og skalden kvad Om kvelden vart himmelen raud Nidingen kua seg ned og bad Yngve-Frøys hovding var daud Med spjut i hand, i stamnen han stod Ein konung av gjætord er kjend Eit heljaga andlet so lyste av ro I skuggjane framleis han stend